Onarheim IL
Idrett • fellesskap • aktivitet

14. august 2026

120 deltakarar på Tour of Norway for kidz

Fredag 14. august vart Alsaker bryggje fylt med sykkelglede då Tour of Norway for kids kom til Onarheim. Over 120 born stilte til start.

Arrangementet starta kl. 18:00 med to tilpassa løyper: ei kortare for dei yngste (trehjulsykkel, støttehjul og 5–6 år), og ei lengre for 7–8 og 9–12 år. Vêret var fint, og stemninga var god både for born og føresette.

Onarheim IL stod bak den lokale gjennomføringa og sørga mellom anna for smoothie til alle deltakarane.

Ein stor takk til Alsaker Fjordbruk for lokalitet, Joker Onarheim, Tysnes Røde Kors, og alle frivillige på rigging og ritt-kontor som gjorde arrangementet mogleg!

Bilete frå dagen

Sjå fleire bilete frå dagen på tourkids.no

Meir om dagen og bilete: tourkids.no/onarheim-2026